Produkt og teknikk


Bildene er såkalla digitalprints. Dei lagast ved ein kombinasjon av analog og digital teknikk: Illustrasjonane skisserast først for hand, før dei scannast, og arbeidast vidare med i digitale illustrasjons- og designprogram. Vidare printast dei på høgkvalitets papir.

Papiret som brukast på alle bilder opp til str A3+, er Epson Velvet Fine Art Paper 260 g/m. Papiret har ei matt, fløyelsaktig overflate som gir eit antikt preg. Dette er eit syrefritt, 100% bomullsbasert papir.

Bilder over str A3+ trykkast på papiret Hahnemühle 200 g/m.

Trykk-kostnadane for bilder over str A3+ er høgare enn for dei mindre bildene, difor er desse bildene dyrare. 

Størrelsane som benyttast er 15x21 cm, A4, 30x40 cm og A3+ (32.9 x 48.3 cm). Enkelte bilete kjem i str 70x30 cm. Bildene kjem utan ramme, men størrelsane er standardiserte, så du vil finne passande rammer i dei fleste fotobutikkar.

Bildene sendast samanrulla, så det er lurt å legge dei litt i press før innramming - dvs setje noko tungt på kvart hjørne slik at bildet får retta seg ut.

Enkelte bilder er nummererte, alle bilder er signerte.

Ved ønske om større bilder, ta kontakt her, så kan vi diskutere muligheiter for det.

Ese Quist Design tek også spesial-oppdrag innan grafisk design og illustrasjon. Det kan du lese meir om her